PROGRAM

Publikumskonferanse 9.-10.mai 2019

KLIMA & REISELIV

TID FOR HANDLING

Vi skal leve av reiselivet, men kva slag reiseliv skal vi leve av? Ynskjer du å bidra til det grøne skiftet og samstundes løfte verdiskapinga i norsk reiseliv? I nasjonalparklandsbyen Lom, innfallsporten til Noreg si mest ikoniske fjellheim, får du i mai påfyll både fagleg og fysisk – og du får sjølv bidra til å meisle ut ei grønare og meir innbringande framtid for norsk reiseliv. Vinn-vinn-situasjon.


TID FOR FELLES LØFT

 

Klimaendringane er her.

Dei forsvinn ikkje.

Dei tiltek.

Raskt.

Samstundes er norsk reiseliv unikt posisjonert for å ta rolla som global pionér i utviklinga av meir klimavenleg turisme med større verdiskaping lokalt.

For norsk reiseliv er tida komen for å omsetje fagre løfte til konkret handling. Velkomen til Lomsløftet.

 

INSPIRASJON,

INNSIKT & INNSATS

Lomsløftet - ei reiselivskonferanse ulik alle andre

Lomsløftet samlar bransjefolk og beslutningstakarar frå politikk, reiseliv, forsking og transportnæringa til nasjonalt klima- og verdiskapingsløft med banebrytande metodikk. Her finn du dei ulike delane av Lomsløftet - ta del i dei du vil!

 

PUBLIKMSKONFERANSA

9.-11. mai

Inntil 300 deltakarar med tilknyting til reiselivet - henta frå politikk, næring og forsking - samla i nasjonalparklandsbyen Lom for å omsette fagre reiselivsløfter til Lomsløftet. Ope for alle.

Lukka Klimadialog

8.-9.mai

Klimadialog leia av fredsfasilitator for eit titals beslutningstakarar samla frå rikspolitikk, norsk reiseliv, internasjonal forsking og transportnæringa. Berre for inviterte.

LÅGFOSSIL AKTIVITsdag

11.mai

Våreventyr for konferansedeltakarar som har lyst til å oppleve lågfossil verdiskaping i praksis. Aktiviteter i nasjonalparklandsbyen Lom og i høgda på eit smellvakkert og smeltande Sognefjell.

KLIMA- OG KULTURKVELD

9. mai

Operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr, folketonar frå sølvstrupa Mari Midtli, smakebitar av ureiste godbitar og fjellpøbb med lokalt brygg. Kulturløft å gle seg til!

Istunnelenb.jpg

LOMSKANALEN

- VEGEN MOT 2020

Ingen løft viss vi slepp det vi har tatt tak i … Lomskanalen er vidareføringa av dialogen, drøftingane og tiltaka frå årets konferanse fram mot Lomsløftet 2020.

Innhald blir lagt ut og oppdatert fortløpande.