09:00

-

15:00

Laurdag 11.mai // Sognefjellet, Jotunheimen og Lom

LOMSLØFTET AKTIVITETSDAG // LÅGFOSSIL VERDISKAPING I PRAKSIS

Vi rundar av Lomsløftet med døme på lågfossilt reiseliv i praksis: Ein dag fylt med stuttgåtte aktivitetar i Lom og guida vårskiturar i spektakulært høgfjell der breane no smeltar vekk i eit tempo utan sidestykke.


Aktivitet #1: Lågfossil vårskitur i Jotunheimen med elsykkel og skiguide

Spektakulær vårskitur som startar på elsykkel inn storslåtte Leirdalen med dei majestetiske Smørstabbtindane som selskap. Sjølve vårskituren går over storslåtte isbrear som om få år er smelta bort grunna menneskeskapte klimaendringar. Ein tur spekka med både utsikt og innsikt, for elsyklistar og vårskiløparar utan høgdeskrekk eller karbonutslepp.

Guidar: Gjendeguiden

Elsyklar: Bike&Hike Jotunheimen

Skiutstyr: Ta med eigne ski med stålkantar og feller - eller du kan leige frå Sport 1 i Lom

Oppmøte: Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest kl 09:00

PS: Lad gjerne opp til Lomsløftet med Gjendeguiden sitt introduksjonskurs “Ski og bre” på Sognefjellet 7.mai eller 8.mai.

Deltaking: 1900,- for konferansedeltakarar på Lomsløftet (inkludert leige av elsykkel)

Påmelding: Blir lagt ut 20.februar

Aktivitet #2: Felles vårskitur på Sognefjellet i regi DNT

Storslått vårskitur ved foten av Smørstabbmassivet på Sognefjellet. Så fort Sognefjellsvegen blir brøyta, starter vårskisesongen på Noregs tak. Bli med på vårens vakraste fjelleventyr.

Turleiar: DNT Gudbrandsdalen

Oppmøte: Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest kl 09:00

Deltaking: Gratis for koneransedeltakarar på Lomsløftet

Påmelding: Direkte til DNT Gudbrandsdalen

Aktivitet #3: Omvisning i utstillinga Bergtatt og Fjellviten på Norsk fjellsenter

Fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd. Friluftslivet frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter. Vêrrom med høgfjellet rett i fletta. Myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut: Bli BERGTATT i utstillinga som let deg oppleve høgdepunkta i fjellhistoria - alt på eitt fat. Rett og slett den beste fjellturen du kan gå utan å gå i fjellet.

Guide: Mai Bakken

Oppmøte: Kl 10 på Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest

Deltaking: Gratis for konferansedeltakarar på Lomsløftet

Aktivitet #4: Prestfosstraversen: Zipline over elva Bøvra i Lom sentrum

Ziplinen over Prestfossen og under den vakre steinbrua i Lom sentrum er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine.

Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet! Undervegs kan du vinke til gjestane på Bakeriet i Lom eller på Smak i Lom – og nyte ein herleg fortent lokalmatbit etterpå.

Vegleiar: Aktiv i Lom

Oppmøte: Prestfossen i Lom Sentrum utanfor Norsk fjellsenter kl 10 - 14

Deltaking: Gratis for konferansedeltakarar på Lomsløftet

Påmelding: Møt opp ved startpunkt for ziplina ved elva Bøvra utanfor Norsk fjellsenter

Aktivitet #5: Jotunyoga // Ut i naturen - inn i deg sjølv

Tradisjonell yoga har sterke band til naturen. Instruktør Kristin Lund er oppteken av at menneske og natur høyrer saman, og kombinerer difor yoga med vakker natur. Gjennom rolege yogaøvingar i berolegande omgjevnader finn du balansa i deg sjølv, slik at du får det betre i både kropp og sinn.

Instruktør: Jotunheimen Yoga

Stad: Norsk fjellsenter kl 09:00

Deltaking: Gratis for konferansedeltakarar på Lomsløftet

Påmelding: Direkte til Jotunheimen yoga

AKTIVITETSSELSKAP & GUIDAR

Design%252Buten%252Bnavn.jpg
Knut+Erik+opp+eggen.jpg
JW_Klimapark_DSC_3692+Johan+Wildhagen.jpg
Jotunyoga.jpg

Aktiv i Lom

Zipline, klatreparkar, Jotundomen og guida fotturar.

Gjendeguiden

Din lokalkjende og miljøfyrtårnsertifiserte vegvisar til fjelleventyret

Klimapark 2469

50 meter inn i isen - 7000 år attende i tid. I ein tunnell gravd ut av is som oppsto i steinalderen og no smeltar vekk.

Jotunheimen yoga

Ut i naturen - inn i deg sjølv. Jotuneheimen yoga er oppteken av at menneske og natur høyrer saman, og kombinerer difor yoga med vakker natur.