LOMSLØFTET BLIR ARRANGERT AV NORSK FJELLSENTER OG KLIMAPARK 2469

I hjarta av nasjonalparklandsbyen Lom og Jotunheimen finn du Norsk fjellsenter – kompetansesenteret der folk og fjell møtest.

Krinsa av høgfjell og eventyr på alle kantar finn du i Norsk fjellsenter heile fjellhistoria gjort levande i utstillinga Bergtatt og Fjellvitensenteret - nysatsingar som har gjort at Norsk fjellsenter er nominert til Årets museum 2019.

Norsk fjellsenter og Lom ligg i hjarta av Fjell-Noreg og Oppland, Norges tredje største og klart mest klimavenlege reiselivsfylke: Her er inga cruisehavn, ingen flyplass - og regionen har den største andelen norske og nord-europeiske gjestar i landet. Mange av dei blir lenge og går langt - og er i aukande grad interesserte i å betale godt for guida turar, aktivitetar og unike lokalmatopplevingar.

…og enno har vi ikkje nemt Klimapark 2469 med den utrulege istunnelen der du på 50 kjølige meter går 7000 meter attende i tid. Ei unik formidling av klimaendringar og ein rik kulturarv – ein arv og innsikt vi tek med oss i arbeidet med Lomsløftet.

 
folk-rundt-yggdrasil.jpg