Lomsløftet blir innleia med nyskapande og konstruktiv, men samstundes uforpliktande "klima- og verdiskapingsdialog" med eit titals beslutningstakarar frå reiseliv, forsking, transportnæring og politikk.

For å sikre at deltakarane snakkar fritt er dialogen ikkje open for publikum.

Statsminister Erna Solberg har varsla at alle norske sektorar skal bli gjennomgått for å finne fram til tiltak for klimakutt. Lomsløftet er norsk reiseliv sitt svar på dette, innleia med klima- og verdiskapingsdialogen med tema: «Korleis utvikle norsk reiseliv med større verdiskaping lokalt – samstundes som klimautsleppa tas ned globalt?»

I klimadialogen tek beslutningstakarar frå reiseliv og transportnæring del i uforpliktande og uoffisiell, men samstundes konstruktiv og konkret dialog i lag med klima- og reiselivsforskarar og politikarar. Dialogen har som mål å finne felles grunn for konkrete og virkningsfulle tiltak for lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i norsk reiseliv. Idear, konsept og tiltak som kan vere mogleg å iverksetje - utan å forplikte eller “arrestere” deltakarane.

Dialogen blir fasilitert av spesialrådgjevar Norunn Grande med løysingsbasert metodikk frå internasjonalt røynde Nansen Fredssenter. Det er avgjerande for dialogen at deltakarane er med heile dagen.

Stadfesta deltakarar:

Program for klima- og verdiskapingsdialogen finn du her:

Plakat opera A3 (5).png
Fargeboks til webside.jpg

ONSDAG 8. MAI

OPPVARMING TIL KLIMA- OG VERDISKAPINGSDIALOG PÅ NORSK FJELLSENTER

21:00

VELKOMEN TIL LOM OG NASJONALT REISELIVSLØFT

Stad: Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest

Fyr på peisen, lokalt brygg i baren og moglegheit for triveleg samvær for den som ynskjer.

Fargeboks til webside5.jpg

Torsdag 9. mai

LOMSLØFTET KLIMA - OG VERDISKAPINGSDIALOG

LUKKA FORUM for fasilitert av Nansen Fredssenter

Deltakarar: 12-14 sentrale beslutningstakarar frå reiseliv, forskning og politikk

Konstruktiv og uforpliktande "klima- og verdiskapingsdialog" med metodikk frå Nansen Fredssenter.

Beslutningstakarar frå politikk, reiseliv og transportnæring tek del i uforpliktande og uoffisiell, men samstundes konstruktiv dialog for å kome fram til tiltak for lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i reiselivet som kan vere mogleg å iverksetje no – utan å forplikte deltakarane. Sesjonane er leia av Norunn Grande, fagleg sterk og svært inspirerande fasilitatorar med lang internasjonal erfaring frå Nansen Fredssenter. Det er avgjerande for dialogen at deltakarane er med heile dagen.

Arena: Norsk fjellsenter - det folk og fjell møtest

Endringar i programmet kan inntreffe.


08:00

Velkomen til Lom og nasjonalt reiselivsløft.

Kort presentasjon av kvar deltakar kring peisen på Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest.

[Fasilitator: Norunn Grande // Nansen Fredssenter]

08:15

“Klima- og verdiskapingsspel for reiselivet”

[Carlo Aall og Stefan Gössling // Vestlandsforsking]

  • Intro: Norsk reiseliv, klimaet og lokal verdiskaping ved Carlo Aall.

  • Klimaspel: Korleis oppnå 1 million fleire turistar i Noreg – og samtidig ta ned utsleppa? Alternativt oppnå større omsetnad med lågare utslepp?

  • Oppsummering: Berekraftig reiseliv – eller berre kraftig utvikling i reiselivet? Drøftingar av resultata frå klimaspelet og status for verdiskaping og klimaavtrykk frå norsk reiseliv anno 2019.

10:00

Dialog som metode

[Norunn Grande // Nansen Fredssenter]

Nansen Fredssenter på Lillehammer er eit internasjonalt samlingspunkt for dialogarbeid med fokus på dialog, konflikthandtering, forsoning, inkluderande samfunn og demokrati. Fredssenteret har meir enn 20 års erfaring i å utforske dialog som metode og gjennomføre prosjekt i dialog og fredsarbeid. Dialogtema i Lom: «Er det mogleg å utvikle norsk reiseliv til å skape større verdiar lokalt – samstundes som klimautsleppa tas ned globalt?»

10:15

PAUSE

10:30

Refleksjonsrunde: Kva betyr klima- og verdiskapingsutfordringen for meg og aktørane eg representerar?

[Fasilitator: Norunn Grande // Nansen Fredssenter

11:30

Spørsmålsrunde

Deltakarane stillar kvarandre opne spørsmål, lyttar og gir respons.

[Fasilitator: Norunn Grande // Nansen Fredssenter]

12:30

LUNSJ

Måltid frå Brimibue servert på Norsk fjellsenter.

Omvising i utstillinga Bergtatt og Fjellviten på Norsk Fjellsenter - nominert til Årets Museum 2019.

[Thea Dalen // Kurator Norsk fjellsenter]

 

13:15

Vi flyttar oss opp i andre etasje på Norsk fjellsenter og held fram klima- og verdiskapingsdialogen her:

Kort innleiing: «Volumturisme vs optimalisering av verdiskaping i reiselivet»

[Stefan Gössling // Lund Universitet]

Stefan Gössloing er blant verdas fremste forskarar på samanhengane mellom reiseliv, utvikling og klimaendringar. Pionér innan lågfossil turisme og klimapolitikk.

13:30

Four Corners med dialogrunde

Metodikken Four Corners stimulerar til refleksjon og røyrsle. Deltakarane får høyre påstandar og oppfølgingsspørsmål som dei tek stilling til ved å bevege seg mellom fire ulike hjørnar. Sesjonen blir avrunda i plenum med dialog om påstandar, spørsmål og svar.

[Fasilitator: Norunn Grande // Nansen Fredssenter]

14:30

PAUSE

14:45

Framtidsverkstad: “Norsk reiseliv i 2030 – korleis ser det ut?”

Deltakarane blir delt inn i to grupper som begge skal arbeide med å einast om ein framtidsvisjon for norsk reiseliv anno 2030. Kva verdiskaping gir reiselivet i lokalsamfunna i 2030? På kva vis? Kva er reiselivsmålet Noreg kjend for? Kva grep er tatt for å utvikle eit lågfossilt reiseliv i tråd med Parisavtala og Klimalova?

[Fasilitator: Norunn Grande // Nansen Fredssenter]

15:45 

Refleksjonar og reality check: “Trendar og vegval for eit meir bærekraftig reiseliv”

[Per-Arne Tuftin // Norsk Reiseliv]

Per-Arne Tuftin er nestor i norsk reiseliv, tidlegare leiar for Innovasjon Norge Reiseliv og i dag direktør i organisasjonen som samlar dei største destinasjonsselskapa og reiselivsaktørane i Norge. Medlemane i Norsk Reiseliv står for kring 90 prosent av den internasjonale reiselivsmarknadsføringa av Norge som reisemål - og er såleis avgjerande for kva retning reiselivet utviklar seg i.

16:00 

Oppsummering og vegen vidare

Kva spørsmål og problemstillingar ynskjer deltakarane å ta med vidare til paneldialogen under publikumskonferansa Lomsløftet fredag 10.mai?

[Fasilitator: Norunn Grande // Nansen Fredssenter]

16:30

FELLES MIDDAG

Før publikumsdelen av konferansa i form av tek til med Klima- og kulturkveld.

Publikumsdelen av Lomsløftet tek til kl 18:30 med klima- og kulturkveld toppa av operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr


Kunnskapsgrunnlag: Alle beslutningstakarar har på førehand fått tilsendt felles kunnskapsgrunnlag for Lomsløftet. Faglege artiklar og fakta om reiseliv, klima og verdiskaping. Tematisering: Vi skal leve av reiselivet – men kva reiseliv skal og kan vi leve av og med?

Program og aktivitetar for publikumskonferansa Lomsløftet finn du her:

 

LOMSLØFTET

PRESENTERT PÅ 1-2-3