Stor takk til deltakarar, foredragshaldarar og gode hjelparar som gjorde fyrste utgåve av Lomsløftet til akkurat det kjempeløftet vi tok sikte på for lågare klimautslepp og høgare verdiskaping i reiselivet. Vel heim til innsats - og vonar vi ser deg til nytt reiselivsløft i juni 2020!

Vi skal leve av reiselivet, men kva slag reiseliv kan vi stå inne for?

Ynskjer du å bidra til lågare klimautslepp frå norsk reiseliv og samstundes løfte lokal verdiskaping – gjerne i di eiga reiselivsverksemd?

Det grøne skiftet kjem til reiselivet – kjem du til Lom for å ta del i løysinga og verdiskapinga?

KONFERANSE

Program fredag 10.mai 2019

KULTURKVELD

Program torsdag 9.mai 2019

AKTIVITETSDAG

Program laurdag 11.mai 2019

Lomsløftet er ei nyskapande, nasjonal reiselivskonferanse skreddarsydd for at små og store aktørar knytt til norsk reiseliv saman kan meisle ut ei grønare og meir innbringande framtid for næringa. På Lomsløftet møter reiselivsaktørar og turistvertar beslutningstakarar frå politikk og forskarar for å meisle ut tiltak som kan redusere klimautslepp frå norsk reiseliv. Toppa med kultur frå høgfjellet og lågfossile aktiviter. Velkomen til Lom og Jotunheimen!


TID FOR FELLES LØFT

 

Klimaendringane er her.

Dei forsvinn ikkje.

Dei tiltek.

Raskt.

Samstundes er norsk reiseliv unikt posisjonert for å ta rolla som global pionér i utviklinga av meir klimavenleg turisme med større verdiskaping lokalt.

For norsk reiseliv er tida komen for å omsetje fagre løfte til konkret handling. Velkomen til Lomsløftet.

 

INSPIRASJON,

INNSIKT & INNSATS

Lomsløftet - ei reiselivskonferanse ulik alle andre

Anten du er tilknytt reiselivet, aktiv politikar, jobbar i forvaltinga eller forskar på reiseliv og klima: Her finn du dei ulike delane av Lomsløftet - ta del i dei du vil og få innsikt og inspirasjon til innsats!

PUBLIKMSKONFERANSA

9-11. mai 2019

Inntil 300 deltakarar med tilknyting til reiselivet - henta frå politikk, næring og forsking - samla i nasjonalparklandsbyen Lom for å omsette fagre reiselivsløfter til Lomsløftet.

Lukka Klimadialog

Torsdag 9.mai // Dagtid

Klimadialog leia av fredsfasilitator for eit titals beslutningstakarar samla frå rikspolitikk, norsk reiseliv, internasjonal forsking og transportnæringa. Berre for inviterte.

LÅGFOSSIL AKTIVITsdag

Laurdag 11.mai

Våreventyr for konferansedeltakarar som har lyst til å oppleve lågfossil verdiskaping i praksis. Aktiviteter i nasjonalparklandsbyen Lom og i høgda på eit smellvakkert og smeltande Sognefjell.

KLIMA- OG KULTURKVELD

Torsdag 9. mai // Kveldstid

Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr, folketonar frå sølvstrupa Mari Midtli, smakebitar av ureiste godbitar og fjellpøbb med lokalt brygg. Kulturløft å gle seg til!

Istunnelenb.jpg

LOMSKANALEN

- VEGEN MOT 2020

Ingen løft viss vi slepp det vi har tatt tak i … Lomskanalen er vidareføringa av dialogen, drøftingane og tiltaka frå årets konferanse fram mot Lomsløftet 2020.