FOREDRAGSHALDARAR OG FASILITATORAR

Programmet for Lomsløftet er under utarbeiding. Fleire nasjonale og internasjonale foredragshaldarar blir presentert fortløpande.

Stefan Gössling.jpeg

STEFAN GöSSLING

Klima- og reiselivsforskar // Lunds Universitet

Blant verdas fremste forskare på samanhengane mellom reiseliv, utvikling og klimaendringar. Pionér innan lågfossil turisme og klima-politikk. Peikar i Lom på verdiskaping som eit klimavenleg og økonomisk gunstig alternativ til volumturisme.

Katharine+Hayhoe.jpg

KATHARINE HAYHOE

Klimaforskar og aktivist// Texas Tech University

Hayhoe er kåra til ein av verdas 100 mest innflytingsrike personar av TIME magazine, og var rådgjevar for president Barack Obama. I sitt videoforedrag syner ho korleis lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping går opp.

JUSTIN FRANCIS

Grunnleggjar og dagleg leiar // Responsible Travel

Entreprenør, idealist, aktivist – og anerkjend pionér innan ansvarleg reiseliv: På Lomsløftet går Justin Francis i djubda på “the biggest challenge we face”: Klimautsleppa frå flytrafikken som utgjer meir enn 70 prosent av klimaavtrykket frå reiselivsnæringa.

Penelope Lea Portrett.jpg

PENELOPE LEA

Leiar og prisvinnar // Barnas klimapanel

Vinnaren av Frivillighetsprisen 2018. Har i ein alder av 14 år halde innlegg for FN sitt klimapanel to gonger. I Lom vil ho både konfrontere og inspirere til handling.

KEVIN ANDERSON

Klimaforskar og formidlar // Tydall Centre for Climate Change Research

Professor Kevin Anderson er rekna som ein av verdas fremste formidlarar av kva vegval vi står ovanfor for å møte klimakrisa. På Lomsløftet peikar Anderson på at vi ikkje har tid til å vente på ny teknologi – vi må kutte utslepp no for å kjøpe oss tid til å la teknologien bli utvikla.

TSK_Portrett.jpg

TRYGVE SUNDE KOLDERUP

Reiselivsaktør og konseptuviklar // Den Norske turistforening

Innleier om “Veikart mot et bærekraftig reiseliv” og peker på korleis løfter om "high yield - low impact" kan omsettes i konkrete tiltak som gir lavare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i norsk reiseliv.

KARMEN MENTIL

Direktør // Alpine Pearls

“Turistar er i aukande grad opptekne av karbonavtrykket sitt. Bærekraftige destinasjonar kan betre omdømet og konkurransekrafta si, men eg lyt understreke at bærekrafta må vere autentisk og reelle tiltak må settast inn. Å marknadsføre seg som eit bærekraftig tilbod uten å dempe karbonavtrykket, er øydeleggjande”

Carlo Aall Portrett.jpg

CARLO AALL

Forskingsleiar og klimaformidlar // Vestlandsforsking

Professor Carlo Aall er mellom dei fremste klimaformidlarane og forskarane på feltet i Norden. På Lomsløftet vil han delta i paneldebatt med beslutningstakarar frå politikk, reiseliv og forsking, samt i to av arbeidssesjonane der tema er lågfossilt reiseliv.

DAG TERJE KLARP SOLVANG

Generalsekretær // DNT

Med lang erfaring frå rikspolitikken, toppa med stillinga som generalsekretær i den største friluftsorganisasjonen i landet, tilfører Klarp Solvang reiselivet innsikt og gjennomføringsevne som er verdifull for ei reiselivsnærings som står framfor store endringar framover.

NOrunn+G.jpg

NORUNN GRANDE

Spesialådgjevar // Nansen Fredssenter

Klimadialogen for beslutningstakarar frå norsk reiseliv, rikspolitikk, transportnæringa og forsking blir leia av internasjonalt røynde Norunn Grande frå Nansen Fredssenter. Metodikken er utvikla og testa ut gjennom krevjande dialogar i konfliktsoner over heile verda – med svært konstruktive og gode resultat.

EIRIK HØYME ROGN

Fjellseljar og produktutviklar // Mountains of Norway

Fjellseljar Høyme Rogn utviklar fjell-eventyr for europeiske turoperatørar med vandreopplevingar på menyen på oppdrag frå fire destinasjonsselskap i Fjell-Noreg. Spoiler alert: Etterspurnaden er langt større enn vi trur – viss norsk reiseliv utviklar tilbodet sitt. 

Benedicte+Watvedt+Skaug.jpg

BENEDICTE WATVEDT SKAUG

Prosjektleiar // Merket for bærekraftig reisemål Destinasjon Voss

Mange norske destinasjonsselskap er i ferd med å kvalifisere seg for Merket for bærekraftig reisemål i regi av Innovasjon Norge. Destinasjon Voss har satt opp “Den kortreiste turist” som ei av sine målsettingar for arbeidet - og prosjektleiar Skaug fortel kva avveiingar Voss gjer mellom klimautslepp og verdiskaping,

Fleire internasjonale og nasjonale fasilitatorar blir offentleggjort fortløpande. Heng på!

16.jpg

Norsk statsråd

Blir presentert med det fyrste

Nasjonal reiselivsleiar

Blir presentert med det fyrste

Nasjonal klimapionér

Blir presentert med det fyrste

16.jpg

Nasjonal reiselivsaktør

Blir presentert med det fyrste

I tillegg er ei rekkje premissleverandører innen norsk politikk, reiseliv, forsking og transportnæring til stades som deltakerar i salen, under arbeidsøktene og kring matbordet under Lomsløftet.

Kort sagt: Er du oppteken av retninga og framtida for norsk reiseliv er Lomsløftet din arena. Velkomen til fjells!