FOREDRAGSHALDARAR OG FASILITATORAR

Programmet for Lomsløftet er under utarbeiding. Fleire nasjonale og internasjonale foredragshaldarar blir presentert fortløpande.

Stefan Gössling.jpeg

STEFAN GöSSLING

Klima- og reiselivsforskar // Lunds Universitet

Blant verdas fremste forskare på samanhengane mellom reiseliv, utvikling og klimaendringar. Pionér innan lågfossil turisme og klima-politikk. Peikar i Lom på lågfossil verdiskaping som eit klimavenleg og økonomisk gunstig alternativ til volumturisme.

Katharine+Hayhoe.jpg

KATHARINE HAYHOE

Klimaforskar og aktivist// Texas Tech University

Hayhoe er kåra til ein av verdas 100 mest innflytingsrike personar av TIME magazine, og var rådgjevar for president Barack Obama. I sitt videoforedrag syner ho korleis lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping går opp – og kvifor reiselivet ikkje har noe val.

JUSTIN FRANCIS

Grunnleggjar og dagleg leiar // Responsible Travel

Entreprenør, idealist, aktivist – og anerkjend pionér innan ansvarleg reiseliv: På Lomsløftet går Justin Francis i djubda på “the biggest challenge we face”: Klimautsleppa frå flytrafikken som utgjer meir enn 70 prosent av klimaavtrykket frå reiselivsnæringa.

Penelope Lea Portrett.jpg

PENELOPE LEA

Leiar og vinnar Frivillighetsprisen // Miljøagentene og Barnas klimapanel

Vinnaren av Frivillighetsprisen 2018. Noregs svar på Gretha Tunberg har i ein alder av 14 år halde innlegg for FN sitt klimapanel to gonger, og inspirert og informert såvel statsminister som skuleelevar landet over. I Lom vil ho både konfrontere og inspirere norsk reiseliv til handling.

KEVIN ANDERSON

Klimaforskar og formidlar // Tydall Centre for Climate Change Research

Professor Kevin Anderson er rekna mellom verdas absolutt fremste formidlarar av kva vegval vi står ovanfor for å møte klimakrisa. På Lomsløftet peikar Anderson på at vi ikkje har tid til å vente på ny teknologi – vi må kutte utslepp no for å kjøpe oss tid til å la teknologien bli utvikla.

ole_michael_bjoerndal.jpg

OLE MICHAEL BJØRNDAL

Næringspolitisk fagsjef // NHO Reiseliv

NHO Reiseliv har i lag med bransje-organisasjonene i norsk reiseliv utarbeidd “Veikart mot et bærekraftig reiseliv” og prinsippet “høg avkasting, låg miljøpåvirking” for norsk reiseliv. På Lomsløftet adresserar Bjørndal kva moglegheiter og ansvar auka turisme gir i paneldialogen og andre fora.

Knut+Storberget+Foto+B%C3%A5rd+L%C3%B8ken++Anno.jpg

KNUT STORBERGET

Fylkesmann // Innlandet

I sommarmånadene er Innlandet det mest besøkte reiselivsfylket i Noreg – med den største andelen norske og europeiske turistar i landet. Innlandet har ambisjonar om å vere ei drivkraft i det grøne skiftet i fleire næringar, og reiselivet er ei av dei. Meir om dette får du høyre når ein engasjert fylkesmann tek ordet under publikumskonferansa.

TSK_Portrett.jpg

TRYGVE SUNDE KOLDERUP

Reiselivsaktør og konseptuviklar // Den Norske turistforening

Sunde Kolderup er mannen bak nyskapinga Nasjonale Turiststiar, og er å rekne som ein nestor innan norsk opplevingsturisme med fartstid frå mellom anna Hvitserk. På Lomsløftet innleiar han om kva moglegheitar status som Nasjonal turiststi gir for lågfossil verdiskaping med verdsattraksjonen Besseggen som døme.

kristin-proven.jpg

KRISTIN PRØVEN

Prosjektleiar // Visit Lillehammer

Visit Lillehammer har nett lansert eit prosjekt for klimavenleg offentleg transport for turistar. Målet er å strømlineforme regional transport, redusere utslepp og gjere det enklare for gjestar å oppsøke friluftsaktivteter sommar og vinter med langt lågare klimautslepp og mykje større effektivitet enn i dag.

KARMEN MENTIL

Direktør // Alpine Pearls - green travel in the Alps

“Turistar er i aukande grad opptekne av karbonavtrykket sitt. Bærekraftige destinasjonar kan betre omdømet og konkurransekrafta si, forutsett at bærekrafta er autentisk og reelle tiltak sett inn. Å marknadsføre seg som eit bærekraftig tilbod uten å dempe karbonavtrykket, er øydeleggjande”

IMG_0458.jpg

HILDE CHARLOTTE SOLHEIM

Styregrossist // Brim Explorer

Forfatter, journalist, reiselivsstyregrossist og glødende engasjert i det grønne skiftet: Hilde Charlotte Solheim har mange jern i ilden og et særlig sterkt engasjement for bærkraftig utvikling - spesielt innenfor reiseliv og utviklingen av grønne forretningsmodeller.

Kjersti+Bj%C3%B8rnstad.jpg

KJERSTI BJØRNSTAD (Sp)

Leiar // Nærings, miljø og klima Oppland fylkeskommune

Kjersti Bjørnstad er sentralstyremedlem i Senterpartiet og leier komiteen med ansvar for at Oppland skal bli fyrste klimanøytrale region i Noreg i løpet av fem år. Bjørnstad innleiar Lomsløftet med å fortelje kva grep Oppland og reiselivet i fylket vil, kan og må ta for å skape verdiar i det grøne skiftet.

profilbilde.jpg

BRIT BERNTSEN REINSLI

Seniorrådgjevar bærekraft // Innovasjon Norge Reiseliv

Innovasjon Norge er pådrivar for at norske destinasjonar skal kvalifisere seg for Merket for bærekraftig reisemål. Berntsen Reinsli presenterer merkeordninga – og gir ei vurdering av korleis Merket for bærekraftige reisemål kan være eit verktøy for lavere klimautslipp og høgare lokal verdiskapning.

DAG TERJE SOLVANG

Generalsekretær // Den Norske Turistforening

Med lang erfaring frå rikspolitikken, toppa med stillinga som generalsekretær i den største friluftsorganisasjonen i landet, tilfører Klarp Solvang reiselivet innsikt og gjennomføringsevne som er verdifull for ei reiselivsnærings som står framfor store utfrodringar, endringar og moglegheiter framover.

Carlo Aall Portrett.jpg

CARLO AALL

Forskingsleiar og klimaformidlar // Vestlandsforsking

Professor Carlo Aall er mellom dei fremste klimaformidlarane og forskarane på feltet i Norden. På Lomsløftet vil han delta i paneldebatt med beslutningstakarar frå politikk, reiseliv og forsking, samt i to av arbeidssesjonane der tema er lågfossilt reiseliv.

Bernt+Bucher.jpg

BERNT BUCHER JOHANESSEN

Dagleg leiar // Hanen

Seriegründer, restaurantinnovatør, grunnleggar av Bondens Marked, og leiar for Hanen – nærings-organisasjonen for bygdeturisme. Bucher-Johannesen er engasjert pådrivar for bærekraftig reiseliv og deler i fleire fora på Lomsløftet sine erfaringar med kva tilbod og tiltak som bidreg til å løfte verdiskapinga lokalt og hos einskilde vertskap.

EIRIK HØYME ROGN

Fjellseljar og produktutviklar // Mountains of Norway

Fjellseljar Høyme Rogn utviklar fjell-eventyr for europeiske turoperatørar med vandreopplevingar på menyen på oppdrag frå fire destinasjonsselskap i Fjell-Noreg. Spoiler alert: Etterspurnaden er langt større enn vi trur – viss norsk reiseliv utviklar tilbodet sitt til relativt kortreiste og betalingssterke gjestar. 

Per_Arne_Tuftin.jpg

PER-ARNE TUFTIN

Direktør // Norsk Reiseliv

Med 10 års fartstid som reiselivsdirektør i Innovasjon Norge og no stillinga som direktør for bransjeorganisasjonen Norsk Reiseliv er Tuftin mellom dei sentrale strategane og premissleverandørane i eit reiseliv i solid vekst. På Lomsløftet innleier han om status for norsk reiseliv i 2019 – og vegen vidare fram mot 2030.

astrid+bergma%CC%8Al.2000x1333.jpg

ASTRID BERGMÅL

Leiar // Virke Reisliv

Virke Reiseliv er talerør for over 1200 verksemder innan reiseliv og kultur. Virke har eit særleg søkelys på opplevingar. Dagleg leiar Astrid Bergmål deltek i klima- og verdiskapingsdialogen i forkant av Lomsløftet – og i paneldialog og speed sparring under publikumskonferansa.

Benedicte+Watvedt+Skaug.jpg

BENEDICTE W. SKAUG

Merket for bærekraftig reisemål // Destinasjon Voss

Ei rekkje norske destinasjonsselskap kvalifiserar seg for Merket for bærekraftig reisemål i regi av Innovasjon Norge. Destinasjon Voss har sett opp “Den kortreiste turist” som ei av sine målsettingar - og prosjektleiar Skaug fortel kva avveiingar Destinasjon Voss gjer mellom klimautslepp og lokal verdiskaping.

Mai%2BBakken.jpg

MAI BAKKEN

Dagleg leiar // Norsk fjellsenter og Lomsløftet

Mai har på få år bygd opp Norsk fjellsenter i Lom til å bli ein framifrå formidlingsarena og samlingsplass for folk, fjell og fonnefunn som no smeltar fram etter tusenvis av år i isen kring Lom. Mai brenn for både reiseliv og klimaspørsmål – og med Lomsløftet ynskjer ho å lyfte dei begge.

IMG_20190424_160521.jpg

NORUNN GRANDE

Spesialådgjevar // Nansen Fredssenter

Klimadialogen for beslutningstakarar frå norsk reiseliv, rikspolitikk, transportnæringa og forsking blir leia av internasjonalt røynde Norunn Grande frå Nansen Fredssenter. Metodikken er utvikla og testa ut gjennom krevjande dialogar i konfliktsoner over heile verda – med svært konstruktive og gode resultat.

I tillegg er premissleverandører innen norsk reiseliv, forsking og transportnæring til stades som deltakerar i salen, under arbeidsøktene og kring matbordet under Lomsløftet.

Er du oppteken av retninga og framtida for norsk reiseliv er Lomsløftet din arena. Velkomen til fjells!