KONFERANSEAVTRYKK

Bor du utanfor Nord-Gudbrandsdalen vil transporten til Lomsløftet utgjere størstedelen av klimaavtrykket ditt i samband med konferansa. Vi oppmodar difor alle konferansedeltakarar til å ta kollektivtransporten vi har tilrettelagt for Lomsløftet. Alternativt samkøyre i privat elbil. Vi vonar du blir med på dette vesle klimaløftet og let fossile framkomstsmiddel stå att heime.


TA TOGET TIL FJELLS

Anten du kjem frå nord eller sør går tog frå Oslo, Trondheim og Åndalsnes fleire gongar i døgnet direkte til stasjonsbyen Otta. Herifrå er det sett opp konferansebussar som går på biogass vidare til Lom. Sjå programmet for avgangstider. Bonus? Ei transportetappe som i seg sjølv er ei reiseoppleving.

Tog.jpg

Buss.jpg

buss MED BIOGASS

Frå togstasjonen på Otta blir det sett opp korresponderande biogassbussar til Lom. Bussturen tek ein snau time, og det blir servert lokal handmat undervegs. All transport under sjølve konferansa vil og skje med biogassbussar.


BilFRI KONFERANSE

Set at bilen i byen – i nasjonalparklandsbyen Lom går du raskt mellom overnatting, serveringsstader og konferansearenaer. Berre pass på så du ikkje draumer deg fullstendig bort av utsynet til storslått fjellheim.

Web Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-8.jpg

Fly.jpg

karbonkompensasjon

Alle innleiarar på Lomsløftet får tilbud om karbonkompensasjon for klimautslepp frå si reise til og frå konferansa. To av innleiarane blir nødt til å ta fly frå Tyskland. Sjekk gjerne dine eigne utslepp til Lom, neste jobbseminar eller private ferie i klimakalkulatoren her.


YTTERLEGARE KLIMATILTAK UNDER LOMSLØFTET

Lomsløftet ynskjer at å gå foran med inspirerande tiltak med reell klimaeffelt for å dempe avtrykket frå konferansa. Forutan lågfossil transport i samband med konferansa, har Lomsløftet iverksett desse klimatiltaka:

 
Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-7.jpg

1. LOKALPRODUSERT MAT OG DRIKKE
Matmekkaet Lom ligg midt i matfatet Nord-Gudbrandsdalen. På Lomsløftet vil du bli servert lokale rotgrønsaker, meieriprodukt, poteter, kjøt og bakevarer. Tek du deg eit glas øl, er dette også tappa i Lom. Og du: Et opp maten din. Forsyn deg heller to gonger.

2. DRIKKEVATN FRÅ SPRINGEN - IKKJE FRÅ FABRIKKEN
Ingen grunn til å sende klimautsleppa i véret når Lom er
velsigna med friskt fjellvatn rett frå krana.

3. PLAST? NEI TAKK
Lømsløftet er plastfri sone. Alt bestikk, koppar, etc er av porselen. Søppelposane er av biologisk nedbrytbart materiale. Navnemerket til konferansedeltakarar er av resirkulert papp.

4. KILDESORTERING
Kildesorter avfallet ditt under opphald i konferanselokala på utgard og Norsk fjellsenter.