VI SKAL LEVE AV REISELIVET. MEN KVA SLAG REISELIV SKAL VI LEVE AV?

Eit ufarleg spørsmål, tenkjer du? Vi har erfart at du tek feil.

Kronikk i Klassekampen 9.mai 2019 av Mai Bakken - dagleg leiar Norsk fjellsenter og Lomsløftet

DSC01673.JPG

Berekraft er på alle sine lepper, kanalar og i aukande grad samvit. Skuleungar driv sjølvstudium i klimastreik, #flyskam og #togkry trandar i sosiale media. Norsk reiseliv ha fått med seg det grøne verdiskiftet hos potensielle gjestar, og satsar titals millionar på å marknadsføre seg som berekraftige reisemål. Samstundes er røynda denne: Klimautsleppa per turist i Norge har aldri vore høgare. Aldri har gjestene våre i snitt flydd lengre for å kome hit. Aldri har dei hatt dårlegare tid til å legge att pengar lokalt. Aldri har næringa vore mindre berekraftig.

Globalt står reiselivet for kring 10 prosent av klimautsleppa, og i Noreg er andelen aukande. Så kva gjer dei store aktørane i norsk reiseliv i ein situasjon der FNs klimapanel gir oss 10 år til å halvere klimautsleppa og få naturen i balanse? Satsar tungt på ein vekststrategi basert på å fluge langt større volum av gjestar jorda rundt til norgesferie.

Norsk reiseliv treng snakke saman. Om klima, kvalitet, kronar og konkrete vegval for lågfossil lokal verdiskaping i reiselivet.

Ingen gratis lunsj

Statsminister Erna Solberg varsla i vinter at hennar regjering kjem til å gå gjennom alle sektorar i norsk næringsliv for å finne kvar dei skal kutte klimautslepp. Parisavtale, klimaforliket, klimalova og klimaavtale med EU gir oss ikkje nokon veg utanom. Denne veka inviterer Norsk fjellsenter difor til Lomsløftet – ein nasjonal reiselivskonferanse ulik alle andre. Etablert som arena for dialog og verkstad for konkrete tiltak for lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i norsk reiseliv. Vi skal jo leve av reiselivet etter olja. Då skyt vi oss sjølve i foten ved å investere tungt i marknadsføring, infrastruktur og tilbod for interkontinentale gjestar som er heilt avhengige av fossil flybensin for å jette rundt ei kokande klode. Slik strategien er i dag.

Dei beste intensjonar

Lomsløftet er skipa på høg tid og med dei beste intensjonar, men ved å ta initiativ til klimavenleg reiseliv i ei næring som i dag har vi openbart trakka sentrale aktørar på tærne. Institusjonalisert motstand mot endring vil garantert bli ein gjengangar i mange bransjar framover – men vi held fram i vissheit om at inga næring eller aktør har lenger noko val. Framtida er lågfossil – og sjølve premisset for verdiskaping og vekst.

Dem openbare vinn-vinn-løysinga er å leggje om frå storsatsing på volum og kvantitet i reiselivet, til i større grad å utvikle kvalitetstilbod for individuelle reisande. Gjerne frå eiga kontinent. Såkalla adventureturisme er i sterk vekst, og er kjenneteikna av større feriebudsjett, relativt god tid og ofte betre føresetnadar for å verdsette og oppleve naturen, kulturen og reiselivstilboda Norge er velsigna med. Kva vi får att? Auka lokal verdiskaping og lågare klimautslepp.

Grøn grein

På alle statistikkar og trendkart seglar Norge opp som eit av dei mest attraktive reisemåla i verda. I høgsesongen er hotell og campingplassar for lengst fullbooka. Ytterlegare opptrapping av gjestevolum vil med andre ord gjeva begrensa med nye inntekter og langt større belastning. Samstundes har Norge som reiselivsmål store marginar å hente på å skreddarsy tilbod for turistar som er villige til å bli lengre og betale meir for dei unike opplevingane Norge byr på – slik ein del kompetente og innovative aktørar allereie gjer med stort hell.

Vinn-vinn-situasjon

Ved dette vegskilet står norsk reiselivsnæring i dag. Nasjonalt investerer private og offentlege aktørar milliardar i fossil infrastruktur og marknadsføring for fly- og cruisetransport for eit stort volum langreiste og heseblesande turistar. Privat og offentleg kapital, unike norske kvalitetar og klimaet vårt blir lagt i potten for å blåse opp ei type reiseliv som er dømt til å kollapse i møtet med det grøne skiftet verda må gjennom.

Tenk da, så meiningsfullt å heller ta Den Store Samtala, og bidra til å finne svaret på kva slag tilbod, tiltak og turisme vi skal leve av i framtida. Du, norsk reiseliv og kloda har alt å vinne!

Helsing Mai Bakken – dagleg leiar Norsk Fjellsenter, Klimapark2469 og Lomsløftet – nasjonal konferanse for klima og verdiskaping i reiselivet.

Program og påmelding på www.lomsloftet.no

Program og påmelding på www.lomsloftet.no