Lomsløftet er ei tredelt reiselivskonferanse der formålet er å kome fram til tiltak for lågare klimautslepp kombinert med høgare lokal verdiskaping i norsk reiseliv. Målgruppa er reiselivsaktørar, politikarar, forvaltning og forsking.

Som deltakar har du adgang på alle dei tre konferansedagane:

9.mai: KULTURKVELD

Operatablå Stemmer frå Mímisbrunnr // Lokal handmat og fjellbrygg

TORSDAG 9.MAI KL 18:30

10.MAI: KONFERANSE

Foredrag // Best Practice // Paneldialog // Arbeidssesjonar

FREDAG 10.MAI HEILE DAGEN

11.MAI: AKTIVITETER

Lågfossilt reiselivs i praksis // Lom og Sognefjellet

LAURDAG 11.MAI

Grønt Skjerm.JPG


Torsdag 9. mai // Klima- og kulturkveld // Utgard fleirbrukshus

OPERATABLÅ VOLUSPÅ // STEMMER FRÅ MíMISBRUNNR

Folketonar ved sølvstrupe Mari Midtli // Lokale smakebitar // Fjellpøbb med musikalsk følgje

Velkomen til klima- og kulturkveld fylt med innsikt og inspirasjon, toppa med lokale smakebitar og fjellpøbb med både ureist brygg og tonefølge. Inngang på kulturkvelden inngår i konferansedeltakinga på Lomsløftet. Anna publikum kan kjøpe billett til kun kulturkvelden her.


 

17:30

Dørene på Utgard i Lom opnar for publikum.

Registrering for konferansedeltakarar. Billettsal for anna publikum.


18:30

Stuttreist smak av fjell.

Servering lokal fingermat og fjellpøbb


19:30

Klima- og kulturkveld: Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr

Øystein Rudi er spelemann, reiselivsvert, direktør i Gudbrandsdalsmusea – og konferansier for kvelden.

Mari Midtli innleiar med folketonar og utdrag frå bestillingsverket Bergtatt

Velkomen til Lomsløftet ved ordførar og reiselivsvert Bjarne Eiolf Holø

Operatablå: Stemmer frå Mímisbrunnr

Espen Finstad er historieforteljar, forskingsformidlar og arkeolog i Oppland fylkeskommune. I kveld innleiar han om operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr ved å kåsere kring eddadiktet Voluspå og sette dette i samanheng med både norrøn historie og utfordringane i vår eiga tid.

"Vet dere nok, eller hva?"

Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr er tufta på Eddadiktet Voluspå – det mektigaste diktverket frå nordisk middelalder. Voluspå (Volva si spådom) rommar ein storslagen visjon av heile den kosmiske historia, frå urtida, skapinga, historieforløpet og verda sin fryktelege undergang i Ragnarok. Diktet endar med volva si visjon om ein ny og annleis verdsorden som skal kome etter undergangen.

Volva er ei profetisk kvinneskikkelse, den mest vise og kloke av alle dei mytiske skapningane i det norrøne panteon. I operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr har Odin mana volva fram frå dødsriket for å gje kunnskap til gudar og menneske.

Eddadiktet Voluspå er vitnesbyrd om ein urgamal omsorg for kloda og menneska sitt livsgrunnlag. Den universielle bodskapen i Voluspå er at menneska må skaffe seg kunnskap og utvise visdom i sin forvaltning av skaparverket.

Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr utfordrar publikum til å opne eigne sinn og sansar for å svare på volva sitt eksistensielle spørsmål:

"Vet dere nok, eller hva?"

Volva: Gro Bente Kjellevold // Mezzosopran

Odin: Eirik Roland Egeberg-Jensen // Bassbaryton

Komponist: Ragnar Søderlind

Lyddesign: Mats Claesson

Tekstansvarlig: Gro Steinsland.

Produsentar: Thea Grobstok Dalen og Espen Finstad

Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr er bygd opp kring 14 vers frå eddadiktet Voluspå og er eit utdrag frå operaverket Volva si spådom. I Utgard opptrer to solistar i rollene som volva og Odin, akkompagnert av orkester over høgtalarane.

APPELL: Climate Change & You

Katharine Hayhoe // Texas Tech Climate Science Center [videoforedrag]

Appell til inspirasjon og innsats. Klimaforskar Katharine Hayhoe er av TIME magazine utpeikt til ei av verdas 100 mest innflytelsesrike personar. I kveld held ho videoappell i Lom sendt frå Texas.

EtterOpera på Utgard

Meiningsutveksling og ettertanke, sal av lokal mat og brygg frå fjellheimen.

ARTISTAR

Mari+Midtli+2.jpg

Mari Midtli

Solist

Sølvstrupe med rik kulturarv på repertoaret. Får du ikkje frysningar av denne stemma, har du tjukk hud.

Mari Midtli opptrer i samband med operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr torsdag 9. mai.

Øystein-Rudi-foto-Tor-Ivan-Boine.jpg

Øystein Rudi

Direktør // Gudbrandsdalsmusea

Spelemannsprisvinnar og kulturgründar Øystein Rudi på Rudi Gard er nyleg tilsett som direktør for Gudbrandsdalsmusea.

Øystein Rudi er ordsstyrar under kulturkvelden - er vi heldige tek han med seg fela og!

Gro%2BBente%2BKjellevold.jpg

Gro Bente Kjellevold

Mezzosopran

Har vore tilsett ved operaen i Kiel og har opptrådt med ei rekkje symfoniorkestre, frie operagrupper, Rikskonsertene og musikkfestivalar i inn- og utland.

Kjellevold opptrer i hovudrolla som volva i operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr torsdag 9. mai.

Katharine+Hayhoe.jpg

Eirik Roland Egeberg-Jensen

Bassbaryton

Master i opera. Eirik har vore fast solist ved operahus i Tyskland og har dei siste åra arbeida som sangar med base i Oslo.

Egeberg-Jensen kler rolla som Odin i operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr torsdag 9.mai.

Espen Finstad.jpg

Espen Finstad

Historieforteljar og arkeolog // Oppland fylkeskommune

Finstad innleiar operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr ved å kåsere kring eddadiktet Voluspå og sette dette i samanheng med både norrøn historie og utfordringane i vår eiga tid.