Torsdag 9.mai // Klima- og kulturkveld // Utgard fleirbrukshus

OPERATABLÅ VOLUSPÅ // STEMMER FRÅ MIMISBRUNNR

Folketonar ved sølvstrupe Mari Midtli // Lokale smakebitar // Fjellpøbb med musikalsk følgje

Velkomen til klima- og kulturkveld fylt med innsikt og inspirasjon, toppa med lokale smakebitar og fjellpøbb med både ureist brygg og tonefølgje. Inngang på kulturkvelden inngår i konferansedeltakinga på Lomsløftet. Anna publikum kan kjøpe billett til kun kulturkvelden her.


17:30

18:30

19:30

Dørene på Utgard i Lom opnar for publikum.

Registrering for konferansedeltakarar. Billettsal for anna publikum.


Stuttreist smak av fjell.

Servering lokal fingermat og fjellpøbb


Klima- og kulturkveld: Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr

Mari Midtli innleiar med folketonar og utdrag frå bestillingsverket Bergtatt

Velkomen til Lomsløftet  

Appell til inspirasjon og innsats

Operatablå: Stemmar frå Mímisbrunnr

"Veit de nok, eller kva?"

Operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr er tufta på Eddadiktet Voluspå – det mektigaste diktverket frå nordisk middelalder.  Voluspå (Volva sin spådom) rommar ein storslagen visjon av heile den kosmiske historia, frå urtida, skapinga, historieforløpet og verda sin fryktelege undergang i Ragnarok. Diktet endar med volva sin visjon om ein ny og annleis verdsorden som skal kome etter undergangen.

Volva er ein profetisk kvinneskikkelse, den mest vise og kloke av alle dei mytiske skapningane i det norrøne panteon. I operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr har Odin mana volva fram frå dødsriket for å gje kunnskap til gudar og menneske.

Eddadiktet Voluspå er vitnesbyrd om ein urgamal omsorg for kloda og menneska sitt livsgrunnlag. Den universielle bodskapen i Voluspå er at menneska må skaffe seg kunnskap og utvise visdom i sin forvaltning av skaparverket.

Operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr utfordrar publikum til å opne eigne sinn og sansar for å svare på volva sitt eksistensielle spørsmål:

"Veit de nok, eller kva?"

Volva: Gro Bente Kjellevold // Mezzosopran

Odin: Eirik Roland Egeberg-Jensen // Bassbaryton

Komponist: Ragnar Søderlind

Lyddesign: Mats Claesson

Tekstansvarlig: Gro Steinsland.

Produsentar: Thea Grobstok Dalen og Espen Finstad

Operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr er bygd opp kring 14 vers frå eddadiktet Voluspå og er eit utdrag frå operaverket Volva sin spådom. I Utgard opptrer to solistar i rollene som volva og Odin, akkompagnert av orkester over høgtalarane.

Climate Change & You: Dawn of a new Paradigm

Katharine Hayhoe // Texas Tech Climate Science Center [videoforedrag]

After Opera på Utgard

Meiningsutveksling og ettertanke, sal av lokal mat og brygg frå fjellheimen. Kan hende set ein musikalsk gjest ord og toner på fortid, notid og framtid?

ARTISTAR

Mari+Midtli+2.jpg

Mari Midtli

Solist

Sølvstrupe med rik kulturarv på repertoaret. Får du ikkje frysningar av denne stemma, har du tjukk hud.

Mari Midtli opptrer i samband med operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr torsdag 9.mai.

Gro%2BBente%2BKjellevold.jpg

Gro Bente Kjellvold

Mezzosopran

Har vore tilsett ved operaen i Kiel og har opptrådt med ei rekkje symfoniorkestre, frie operagruppar, Rikskonsertene og musikkfestivalar i inn- og utland.

Kjellevold opptrer i hovudrolla som volva i operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr torsdag 9. mai.

Eirik Roland Egeberg-Jensen

Bassbaryton

Master i opera. Eirik har vore fast solist ved operahus i Tyskland og har de siste åra jobba som sangar med base i Oslo.

Egeberg-Jensen kler rolla som Odin i operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr torsdag 9.mai.

Espen Finstad.jpg

Espen Finstad

Historieforteljar og arkeolog

Finstad innleiar operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr ved å kåsere kring eddadiktet Voluspå og sette dette i samanheng med både norrøn historie og utfordringane i vår eigen tid.