Lomsløftet er riksarenaen der beslutningstakarar innan politikk, reiseliv, transportnæringa møter kvarandre og sentrale forskarar for å meisle ut lokale verdiskapingstiltak og klimavalg med global effekt i norsk reiseliv. Vinn-vinn for oss alle.

Formålet med denne banebrytande nasjonale klima- og verdiskapingskonferansa er å stake ut eit sett kriteriar og tiltak som vil gje lågfossil verdiskaping i reiselivet. 

Lomsløftet skil seg sterkt ut frå andre konferansar ved at sentrale beslutningstakarar og premissleverandørar innan både reiselivsnæringa, politikk og forsking møtest i same fjellheim – ikkje for å snakke, men for å einast om konkrete tiltak som gir lågare utslepp globalt og høgare verdiskaping lokalt. Beslutningstakarane deltek ikkje på Lomsløftet for å representere, men for å bidra til utmeisling av konkrete klimakutt og lokal verdiskaping i en bransje som er svært karbonintensiv.

Velkomen til felles løft for norsk reiseliv i Lom.

 
Design uten navn.png

BAKGRUNN

Statsminister Erna Solberg varsla nyleg klimagjennomgang av kvar einaste norsk sektor for å konkretisere kvar ein kan kutte klimautsleppa og samstundes oppretthalde verdiskapinga. Norsk reiseliv byrjar arbeidet i Lom.

Istunnelenb.jpg

TID FOR TILTAK

Reiselivsnæringa og beslutningstakarar treng snakke saman. Om klima, kvalitet, kronar og konkrete vegval for lågfossil lokal verdiskaping i reiselivet.

Lomsløftet Navn Logo.png

LOMSLØFTET

Norsk reiseliv er unikt posisjonert for å ta rolla som global pionér i utviklinga av meir klimavenleg turisme med større verdiskaping lokalt. Vil du vere med på banebrytande nasjonalt reiselivsløft?