Lomsløftet er riksarenaen der små og store reiselivsaktørar saman med beslutningstakarar innan politikk, reiseliv, transportnæringa møter kvarandre og sentrale forskarar for å meisle ut lokale verdiskapingstiltak og klimavalg med global effekt i norsk reiseliv. Vinn-vinn for deg, verdiskapinga, kloda og oss alle.

Formålet med denne banebrytande nasjonale klima- og verdiskapingskonferansa er å stake ut eit sett kriteriar og tiltak som vil gje lågfossil verdiskaping i reiselivet - samstundes som små og store reiselivsaktørar blir presenterte for pionarar og pilotprosjekt som inspirerar og informerar om kva grep som kan gjere eigen verksemd meir bærekraftig, klimavenleg og innbringande.  

Lomsløftet skil seg sterkt ut frå andre konferansar ved at både private reiselivsaktørar og sentrale beslutningstakarar og premissleverandørar innan både reiselivsnæringa, politikk og forsking møtest i same fjellheim – ikkje for å snakke, men for å einast om konkrete tiltak som gir lågare utslepp globalt og høgare verdiskaping lokalt. Beslutningstakarane deltek ikkje på Lomsløftet for å representere, men for å bidra til utmeisling av konkrete klimakutt og lokal verdiskaping i en bransje som er svært karbonintensiv.

Velkomen til felles løft for norsk reiseliv i Lom.

 
Design uten navn.png

BAKGRUNN

Statsminister Erna Solberg varsla nyleg klimagjennomgang av kvar einaste norsk sektor for å konkretisere kvar ein kan kutte klimautsleppa og samstundes oppretthalde verdiskapinga. Norsk reiseliv byrjar arbeidet i Lom.

Istunnelenb.jpg

TID FOR TILTAK

Reiselivsnæringa og beslutningstakarar treng snakke saman. Om klima, kvalitet, kronar og konkrete vegval for lågfossil lokal verdiskaping i reiselivet.

Lomsløftet Navn Logo.png

LOMSLØFTET

Norsk reiseliv er unikt posisjonert for å ta rolla som global pionér i utviklinga av meir klimavenleg turisme med større verdiskaping lokalt. Vil du vere med på banebrytande nasjonalt reiselivsløft?