OVERNATTE I LOM

Visste du at ein millon menneske er innom vesle Lom i løpet av eit år? I vakre mai månad har du nasjonalparklandsbyen nesten for deg sjølv. Sove godt gjer du garantert i vårfrisk fjelluft.

Hotellrom, hytte eller kan hende fjellcamping? I sentrum av Lom finn du varme senger på alle kantar.

Overnatting tingar du sjølv. Viktig: Oppgir du i tillegg at du skal ta del på Lomsløftet, så får du rom med rabatt på desse overnattingsstadene som alle har lokalmat på menyen.

NORDAL

TURISTSENTER

Tradisjonsrike og trivelege Nordal Turistenter har både hotellrom, hytter og campingplass. Husk å oppgi at du skal delta på Lomsløftet ved bestilling.

FOSSBERG

HOTELL

På innhaldsrike Fossberg Hotell blir frukosten krydra med lukta frå Bakeriet i Lom rett over gata. Husk å oppgi at du skal delta på Lomsløftet ved bestilling.

FOSSHEIM

HOTELL

FULLBOOKA. Vidgjetne Fossheim Hotell leiger og ut hytter, og byr på opphald og søvn med sus av både høgfjell og historie. Meir smakfull og stuttreist frukost skal du leite lenge etter.

hot3_roisheim_hotell.jpg

ALLE OVERNATTINGS-TILBOD I LOM

Her finn du oversikt over alle hotell, gardshotell og hytter i og kring nasjonalparklandsbyen Lom

 

Nasjonalparklandsbyen Lom er så liten at du aldri går deg bort og raskt går dit du skal:

Turkart-Lom-nasjonalparklandsby.jpg