VEGEN TIL LOM

Korleis komme seg til Lomsløftet? Kollektivt, sjølvsagt. Tek du toget til Otta, er du velkomen ombord i konferansebuss som går på biogass til Lom.


Lomsløftet sin ambisjon er å gjere ord til handling. Vi oppmodar difor sterkt å ta kollektiv transport til konferansa – og tør love ei naturoppleving på vegen. Lomsløftet blir arrangert av Norsk Fjellsenter i hjarta av norsk fjellheim og nasjonalparklandsbyen Lom.

  • Kjem du frå Austlandet tilrår vi å ta tog (Dovrebana) nordover frå Oslo S til Otta. Vi tilrår toget med ankomst Otta kl 17:34 (meir om dette lenger ned)

  • Kjem du frå Trøndelag kan du lett ta den same Dovrabana sørover til Otta. Vi tilrår toget med ankomst Otta kl 16:25 (meir om dette lenger ned)

  • Er du så heldig å kome frå Møre og Romsdal vil vi på det aller sterkaste tilrå å ta Raumabana (Nord-Europas vakreste togreise i følge Lonely Planet) til Otta. Toget med ankomst Otta kl 16:25 passar som hand i hanske (meir om dette lenger ned)

  • Kjem du frå Vestlandet så finnest det framifrå ekspressbussar med stopp mange gonger i døgnet midt i Lom. Bonusen er ein busstur folk elles i verda er villig til å hoppe på eit fly for å oppleve.

Og så då? Kva gjer du på Otta?

Jo, no skal du høyre. På Otta skysstasjon får du ein ørliten strekk på føtene eller tre kvarter til å sjekke mail og ta den viktige telefonen, avhengig av kva tog du kjem med. Skulle du kome til Otta heilt utanom rutetabellen, er du hjarteleg velkomen til å finne deg ein kontorplass og lynraskt fiber på Hub Otta.

Så skjer det: Lomsløftet er i gang – med ditt livs fyrste biogassbusstur

BIOGASSBUSS OTTA - LOM

Avgang: Otta torsdag 9.mai kl 17:40 // Ankomst: Lom kl 18:40

I samband med Lomsløftet set Oppland fylkeskommune opp biogassbussar i rute mellom Otta og Lom. Turen tek om lag ein time, går gjennom idyllisk kulturlandskap og gjennom eit dalføre rikt på kulturminner og kulturhistorie. Undervegs kan du jo freiste hengje med i svingane på nasjonalromantikaren og lomveren Olav Aukrust sitt herlege epos “Bilbeistet”.

 
 

…og når du ser denne nasjonalromantikken så er du framme:

Kart_sentrum_nummer.png