Så bra du vil vere med å løfte norsk reiseliv!

Lomsløftet er ei reiselivskonferanse utvikla for å gjere ord til handling. Konferansa er difor sett saman av tre delar – som til saman skal resultere i lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping. Kort sagt: Eit lågfossilt reiseliv for framtida.


Her melder du deg på publikumsdelen av Lomsløftet, som tek til med klima- og kulturkveld torsdag 9.mai og kuliminerar med vårskiturar på smellvakkert og smeltande Sognefjell laurdag 11.mai. Der i mellom kan du sjå fram til eit konferansedøgn pakka med spanande foredrag, aha-opplevingar og arbeidsøkter som alle peikar i same retning: Mot ei mindre fossilavhengig og meir innbringande framtid for norsk reiseliv.

Lomsløftet konferanse

1800 kronar

eks mva

LOMSLØFTET STUDENT

500 kronar

eks mva

LOMSLØFTET SKULE

Gratis

 

Deltaking inkluderar:

  • Fri adgang alle forum og foredrag under Lomsløftet

  • Klima- og kulturkveld med operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr

  • Deltaking på vårskitur, jotunyoga eller zipline i Prestfossen *

  • Lunsj, handmat og forfriskningar to dagar

  • Transport med buss frå Otta togstasjon til og frå Lomsløftet

  • Adgang Norsk fjellsenter med utstillinga Bergtatt og Fjellviten

  • Trykt kunnskapsgrunnlag for Lomsløftet. Faglege artiklar og fakta om reiseliv, klima og verdiskaping. Vi skal leve av reiselivet – men kva reiseliv skal og kan vi leve av og med?

* Ynskjer du i staden å vere med på guida topptur på Sognefjellet, må dette tingast separat.

Separat bestilling (grøne knappar nedanfor):

  • Overnatting og middag i Lom

  • Deltaking på guida topptur på ski laurdag 11.mai

 
 

LOKAL MAT

I matmekkaet Lom er det få skritt mellom matopplevingane. Her finn du våre favorittfat og høveleg drikke.

KVILE

Fjellbygda Lom har gjennom mange hundre år gitt husly og kvile til ferdafolk. Her er nokre favorittar med rikeleg av både husrom og hjarterom.

TOPPTUR MED GUIDE

Slå følgje med lommekjend guide på spektakulær vårskitur til en av 2000-meterstoppane på Sognefjellet. Eit minne for livet.