Lomsløftet er ei tredelt konferanse der formålet er å kome fram til tiltak for lågare klimautslepp kombinert med høgare lokal verdiskaping i norsk reiseliv. Som deltakar har du adgang på alle tre konferansedagane:

  • Torsdag 9.mai (kveldstid): Kulturkveld toppa med fjelloperaen Stemmer frå Mímisbrunnr. Program finn du her.

  • Fredag 10.mai: Publikumskonferansa Lomsløftet fyller heile fredagen frå morgon til tidleg kveld. Program finn du nedanfor.

  • Laurdag 11.mai: Aktivitetsdag med døme på lågfossilt reiseliv i praksis i Lom, Jotunheimen og på Sognefjellet. Program finn du her.

Dagen før Lomsløftet er ei gruppe beslutningstakarar frå reiseliv, politikk, forsking og transportbransja samla i klimadialog fasilitert av Nansen Fredssenter for å meisle ut konkrete klima- og verdiskapingstiltak for reiselivet. Skal du delta i denne klima- og verdiskapingsdialogen 8.-9.mai? Program finn du her.

TRANSPORT: Lomsløftet oppmodar alle deltakarar til å ta tog til Otta skysstasjon. Herfrå går gratis konferansebussar til Lom.

Programmet er førebels. Endringar vil forekomme.

Fargeboks til webside2.jpg

FREDAG 9.MAI 2019 // LOMSLØFTET PUBLIKUMSKONFERANSE

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)


08.00

Velkomen i Utgard. Varm gjerne opp med ein kaffekopp og klima- og verdiskapingsprat.

Publikumskonferansa Lomsløftet er sett saman av tre avdelinger:

  • Inspirasjon (plenum i konferansesalen)

  • Inspirasjon (plenum i konferansesalen)

  • Innsats (parallelle opplegg i plenum og mindre arbeidssesjonar på grupperom)

 
 

08.30

09:00

09:20

10:00

LØFT#1 INSPIRASJON

Klimakrisa, reiselivet og verdiskapinga – alvoret og alternativa presentert av dei beste på feltet for samla publikumskonferanse.

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Hovudinnleiar // Namn blir offentleggjort 20.februar

“Status for norsk reiseliv i 2019 – og utviklinga fram mot 2030”

Kevin Anderson // Tyndall Centre for Climate Research [videoforedrag]

“No time for new technology: The necessity of cutting emissions yesterday”

Justin Francis // Responsible Travel

“A new approach to the biggest challenge tourism face: Route map for aviation, travel and climate”

PAUSE. Handmat og forfriskingar

 

10.15

LØFT#2 INSPIRASJON

Korte presentasjonar: Løft å bli inspirert av presentert av pionérar på sine felt for samla publikumskonferanse.

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

LOOK TO CRUISE! Slik gjer du transporten til del av reiseopplevelinga
Hurtigruten

LOOK TO EUROPE! Slik treff du kortreiste turistar som ynskjer å bli lenge
Eirik Høyme Rogn // Fjellseljar Mountains of Norway

LOOK TO OSLO! Europas miljøhovedstad er første by i verda med klimabudsjett, der CO2 blir tald på same vis som andre budsjett tel pengar. Korleis blir budsjettet nytta til å vege klimautslepp opp mot økonomisk verdiskaping?
Klimaetaten i Oslo kommune

 

11.30

LUNSJ. Buffet frå Bakeriet i Lom servert i Utgard.

 

12.15

12:15

LØFT#3 INNSATS

Nok snakk. No til handling. For å løfte klimatiltaka og verdiskapinga i reiselivet.

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Foredrag: Stefan Gössling // Lunds Universitet

“Volum vs verdiskaping: Paradigmeskifte i reiselivet”

 

12.45

PANDELDEBATT

Reiselivet sitt bidrag til #grøntskifte debattert foran samla publikumskonferanse

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Ordstyrar: [Blir offentleggjort 20.februar]

  • Korleis utviklar reiselivet sine tilbod, og for kva slag turistar blir dei utvikla?

  • Vi skal leve av reiselivet etter olja, men kva type reiseliv skal vi levere?

Debattantar: Beslutningstakarar frå politikk og reiseliv, og leiande forskarar.

 

13.30

ARBEIDSSESJONAR I GRUPPAR & FOREDRAGSSERIE I PLENUM

Lomsløftet blir i denne avdelinga delt i to konferanseløp:

  • Deltakarar som har tinga plass i dei tre parallelle arbeidssesjonane tek del i desse (20 deltakarar per økt - hugs å tinge deg plass på arbeidssesjonar ved påmelding Lomsløftet)

  • Har du ikkje tinga deg plass i arbeidsøkt, har du moglegheit til å høyre alle innleiarane sine innlegg i foredragsserien i konferansesalen (plenum)

13:30

 

PARALLELLE ARBEIDSSESJONAR

Utmeisling av klima- og verdiskapingstiltak i reiselivet

Arena: Grupperom i Utgard med inntil 20 deltakarar

Arbeidsøkter leia av innleiar/fasilitator der publikum sjølve vel kva tema dei engasjerar seg i. Alle sesjonar skal fokusere på lågare globale klimautslepp og høgare lokal verdiskaping. Maks 20 deltakarar per sesjon fordelt på grupperom.

Parallelle arbeidssesjonar: Paradigmeskifte

Veikart for bærekraftig reiseliv – korleis omsette ord i handling?

Innleiar: Trygve Sunde Kolderup // Reiselivsgründer, idéutviklar, redaktør og samfunnsdebattant

Fasilitator: Dag Terje Klarp Solvang // DNT


Grupperom:
Jotunheimen

Transport til ferien – kva gjer vi med elefanten i luftrommet?

Innleiar: [Blir offentleggjort 20.februar]

Fasilitator: Carlo Aall // Vestlandsforsking

Grupperom: Breheimen

 

Reiseliv 2.0: Vegen frå volum og kvantitet til kvalitet og klima

Innleiar: Vestlandsforsking

Fasilitator: Stefan Gössling // Lunds Universitet

Grupperom: Reinheimen

FOREDRAGSSERIE I PLENUM

Vellykka klima- og verdiskapingstiltak i reiselivet                    

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Inspirerande og informative foredrag frå pionerar innan lågfossil verdiskaping i reiselivet nasjonalt og internasjonalt. Korte, konkrete foredrag på kring 20 min for eit stort publikum i konferansesalen (plenum) på Utgard.

Foredragsserie i plenum: Verktøy for vekst og klimakutt

Pakketering – stålkontroll på kunden, budsjettet og klimautsleppet

Foredragshaldar: [Blir offentleggjort 20.februar]

 

Merket for bærekraftige reisemål – verktøy for lavere klimautslipp og høyere lokal verdiskaping?

Foredragshaldar: [Blir offentleggjort 20.februar]

Kva moglegheier gir status som Nasjonal turiststi for lågfossil verdiskaping? Case: Besseggen

Foredragshaldar: Trygve Sunde Kolderup // Initiativtakar Nasjonale turiststier

 

14.45

Parallelle arbeidssesjonar: Verktøy for vekst og klimakutt

Pakketering – stålkontroll på kunden, klimautsleppet og verdiene

Innleiarar: [Blir offentleggjort 20.februar]

Fasilitator: [Blir offentleggjort 20.februar]

Møterom: Breheimen

Merket for bærekraftige reisemål – verktøy for lavere klimautslipp og høyere lokal verdiskaping?

Innleiar: [Blir offentleggjort 20.februar]

Møterom: Reinheimen

Kva moglegheier gir status som Nasjonal turiststi for lågfossil verdiskaping? Case: Besseggen

Innleiar: Trygve Sunde Kolderup // Initiativtakar Nasjonale turiststier

Fasilitator: Trygve Sunde Kolderup

Møterom: Sognefjell

Foredragsserie i plenum: Paradigmeskifte

Climate Change & Tourism: Dawn of a new Paradigm

Foredragshaldar: Katharine Hayhoe // Texas Tech [video]

Reiseliv 2.0: Vegen frå volum og kvantitet til kvalitet og klima

Foredragshaldar: Stefan Gössling // Lunds Universitet 

Transport til ferien – kva gjer vi med elefanten i luftrommet?

Foredragshaldar: [Blir offentleggjort 15.februar]

 

Veikart for bærekraftig reiseliv – korleis omsette ord i handling?

Foredragshaldar: Reiselivsgründer, idéutviklar, redaktør og samfunnsdebattant

 

16:00

16.15

PAUSE

FELLES REISELIVSLØFT I PLENUM

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

APPELL: VEL HEIM TIL HANDLING! Penelope Lea

14-åringen som treff publikum emosjonelt og fagleg – og går rett på kjerna av klimakrisa og vinsten ved endring.

REISELIV 2.0

Tiltak frå parallellsesjonane målt opp mot formålet: Lågfossil verdiskaping i reiselivet.

REISELIVSLØFTER 2019

Utdeling. Info kjem.

TAKK FOR FØLGET!

 

17:15

19.00

21:00

BUSS TIL OTTA (TOGSTASJON)

Fellesbuss frå Utgard (Lom) til korresponderande tog på Otta.

MIDDAG

Lokalmat på menyen rundt om på hotell og serveringsstader i Lom.

MJUK LANDING ETTER LØFTET

OPE HUS PÅ NORSK FJELLSENTER

Publikum er invitert til å sjå utstillinga Bergtatt og utforske Fjellvitensenteret på Norsk fjellsenter – der folk og fjell møtest. Fyr på peisen, gløgg, lokalt brygg og gode samtaler. Kan hende set ein klimatrubadur ord og toner på fortid, notid og framtid. Velkomen!

JOTUNYOGA PÅ FOSSHEIM HOTELL

Tradisjonell yoga har sterke band til naturen. Instruktør Kristin Lund er oppteken av at menneske og natur høyrer saman. Gjennom rolege yogaøvingar i berolegande omgjevnader finn du balansa i deg sjølv, slik at du får det betre i både kropp og sinn. Påmelding: Direkte til Jotunheimen yoga


TRANSPORT:

 

17:15

Dreg du heim frå Lomsløftet fredag kveld?

Vi oppmodar alle deltakarar til å ta kollektiv transport heim frå konferansa.

Bussar (biogass) med avgang frå Norsk fjellsenter korresponderar med tog i retning Oslo og Trondheim.

Ekspressbuss frå Lom til Vestlandet. 

Vel heim til handling!

 
Fargeboks til webside4.jpg

Laurdag 11. mai

LOMSLØFTET AKTIVITETSDAG // Lågfossil verdiskaping i praksis

Vi rundar av Lomløftet med døme på lågfossil verdiskaping i praksis: Stuttgåtte aktivitetar i Lom og guida vårskiturar i spektakulært høgfjell der breane no smeltar vekk i eit tempo utan sidestykke.


09.00-15.00

 

Aktivitet #1: Lågfossil topptur på Sognefjellet med elsykkel og guide

Spektakulær vårskitur som startar på elsykkel inn storslåtte Leirdalen med dei majestetiske Smørstabbtindane som selskap. Sjølve vårskituren går over storslåtte isbrear som om få år er smelta bort grunna menneskeskapte klimaendringar. Ein tur spekka med både utsikt og innsikt, for elsyklistar og vårskiløparar utan høgdeskrekk eller karbonutslepp.

Guidar: Gjendeguiden

Elsyklar: Bike&Hike Jotunheimen

Skiutstyr: Ta med eigne ski med stålkantar og feller - eller du kan leige frå Sport 1 i Lom

Separat påmelding: Direkte til Gjendeguiden

Oppmøte: Kl 09 utanfor Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest

PS: Lad gjerne opp til Lomsløftet med Gjendeguiden sitt introduksjonskurs “Ski og bre” på Sognefjellet 7.mai eller 8.mai.

Deltaking: 1500,- for deltakarar på Lomsløftet

Aktivitet #2: Felles vårskitur på Sognefjellet i regi DNT

Storslått vårskitur ved foten av Smørstabbmassivet på Sognefjellet. Så fort Sognefjellsvegen blir brøyta, starter vårskisesongen på Noregs tak. Bli med på vårens vakraste fjelleventyr.

Turleiar: DNT Gudbrandsdalen

Oppmøte: Kl 09:00 utanfor Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest

Deltaking: Gratis for koneransedeltakarar på Lomsløftet

Aktivitet #3: Omvisning i utstillinga Bergtatt og Fjellviten på Norsk fjellsenter

Fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd. Friluftslivet frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter. Vêrrom med høgfjellet rett i fletta. Myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut: Bli BERGTATT i utstillinga som let deg oppleve høgdepunkta i fjellhistoria - alt på eitt fat. Rett og slett den beste fjellturen du kan gå utan å gå i fjellet.

Guide: Mai Bakken

Oppmøte: Kl 10 på Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest

Deltaking: Gratis for konferansedeltakarar på Lomsløftet

Aktivitet #4: Prestfosstraversen: Zipline over elva Bøvra i Lom sentrum

Ziplinen over Prestfossen og under den vakre steinbrua i Lom sentrum er ei spektakulær oppleving, med ein foss som spruter kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine.

Ein tur nedover Prestfossen er ei oppleving; nær alle kliv i land på Nordalsberget med ei intens meistringskjensle og eit breidt smil i andletet! Undervegs kan du vinke til gjestane på Bakeriet i Lom eller på Smak i Lom – og nyte ein herleg fortent lokalmatbit etterpå.

Vegleiar: Aktiv i Lom

Oppmøte: Prestfossen i Lom Sentrum utanfor Norsk fjellsenter kl 10 - 14

Deltaking: Gratis for konferansedeltakarar på Lomsløftet

Aktivitet #5: Jotunyoga // Ut i naturen - inn i deg sjølv

Tradisjonell yoga har sterke band til naturen. Instruktør Kristin Lund er oppteken av at menneske og natur høyrer saman, og kombinerer difor yoga med vakker natur. Gjennom rolege yogaøvingar i berolegande omgjevnader finn du balansa i deg sjølv, slik at du får det betre i både kropp og sinn.

Instruktør: Jotunheimen Yoga

Oppmøte: Kl 09:00 på yogarommet Fossberg hotell

Påmelding: Direkte til Jotunheimen yoga

Deltaking: Gratis for konferansedeltakarar på Lomsløftet


TRANSPORT:

 

Lomsløftet oppmodar alle deltakarar til å ta kollektiv transport til fjells – og heim att frå konferansa.

Bussar (biogass) med avgang frå Norsk fjellsenter til vårskiturar returnar slik at dei korresponderar med tog i retning Oslo og Trondheim på ettermiddagen laurdag 11.mai.

Tog Otta – Oslo: 16:27 – 20:04                              

Tog Otta – Trondheim: 17:36 – 20:45

Ekspressbuss frå Lom til Vestlandet. 

Vel heim til handling!