Så bra du vil ta del i nasjonalt reiselivsløft for klima og verdiskaping! Programmet for Lomsløftet 2020 er under utarbeiding, og påmelding blir opna 15.september i år.

I mellomtida kan du gjerne la deg inspirere av programmet for fyrste utgåve av Lomsløftet som vart arrangert i mai 2019:

Fargeboks til webside2.jpg

FREDAG 10. MAI 2019 // LOMSLØFTET PUBLIKUMSKONFERANSE

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)


 

08.00

Velkomen i Utgard. Varm gjerne opp med ein kaffikopp og klima- og verdiskapingsprat.

Publikumskonferansa Lomsløftet er sett saman av tre avdelinger:

  • 08:00 - 10:15: INNSIKT (plenum i konferansesalen)

  • 10:30 - 11:30: INSPIRASJON (plenum i konferansesalen)

  • 12:15 - 17:00: INNSATS (parallelle opplegg i plenum og mindre arbeidssesjonar på grupperom)

Ordstyrar for Lomsløftet: Hilde Charlotte Solheim // Styregrossist og reiselivsnestor

 
Hilde%2BCharlotte%2BSolheim.jpg

 

08:15

VELKOMEN TIL NASJONALT REISELIVSLØFT FOR KLIMA OG VERDISKAPING

Kjersti Bjørnstad // Leiar næring, miljø og klima Oppland fylkeskommune

Kjersti%2BBj%25C3%25B8rnstad.jpg

SESJON#1: INNSIKT – grønt skifte og lokal verdiskaping

08:30

Foredrag: “Status for norsk reiseliv i dag – og utvikling fram mot 2030”

Per-Arne Tuftin // Direktør Norsk Reiseliv

Per_Arne_Tuftin.jpg

09:00

Foredrag: “No time for new technology: The necessity of cutting emissions yesterday”

Kevin Anderson // Tyndall Centre for Climate Change Research [videoforedrag]

Kevin+Anderson.jpg

09:30

Manifest: “A new approach to the biggest challenge tourism face: Route map for aviation, travel and climate”

Justin Francis // Responsible Travel

10:00

Presentasjon: “Klima- og verdiskapingsregnskap for norsk reiseliv”

Carlo Aall // Vestlandsforsking

Justin+Francis.jpg
Carlo+Aall+Portrett.jpg

10:15

PAUSE. Handmat og forfriskingar

 
 

10.30

SESJON#2: INSPIRASJON – REISELIVSLøft å bli inspirert av

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)


LOOK TO EUROPE!

Slik tiltrekk du deg kortreiste turistar som ynskjer å bli lenge - og maksimerar lokal verdiskaping.

Eirik Høyme Rogn // Fjellseljar Mountains of Norway: Noreg treng knapt marknadsførast lenger - verda har oppdaga fjordar, fjell og nordlys gjennom selfiar, sosiale medier og populærkulturen. Men skal vi få betalingsvillige gjestar som oppheld seg lenge i Noreg må vi utvikle dei ferdig pakketerte tilboda dei betalingsvillige turistane i alt for liten grad finn i dag.

Eirik Høyme Rogn.jpg

LOOK TO THE ALPS!

Slik gjer du klimavenleg transport og mjukt miljøavtrykk til suksessfaktor.

Karmen Mentil // Direktør Alpine Pearls: Bil - og bekymringsfri ferie”, er lovnaden dei 23 landsbyen bak Alpine Pearls gir sine gjestar - og du verda som dei leverar med ekstremt miljøvenleg og lågfossil transport som verkemiddel. Gratis skyttelbussar, lokalbussar, tog, elsyklar, hestskyss, segways, elbilutleige og mykje meir. Alle destinasjonane garanterar at attraksjonane i og rundt destinasjonen er lett tilgjengelege med klimavenleg transport - og hjelp gjerne til med planlegginga.

Karmen+Mentil.jpg

LOOK TO GUDBRANDSDALEN - LANSERING!

Slik skal vi utvikle eit banebrytande transportsystem med gratisbussar til destinasjonar, hytteområde, aktiviteter og lokale tilbod.

Frank Asle Mathisen // Prosjektleiar Reissmart.no: Pionérprosjektet har støtte både i regjering og reiseliv for sitt banebrytande arbeid med å etablere gratis busstilbod i og rundt Gudbrandsdalen finansiert gjennom eit “grønt påslag” på andre transaksjonar. Ein modell som så kan bli rulla ut og på andre norske destinasjonar. Modellen er inspirert av Alpine Pearls - i både tilbod, organisering og finansiering gjennom ein variant av såkalla “turistskatt” på transaksjonar. Mellom samarbeidspartnerane er Visit Lillehammer og Kristin Prøven, som leiar eit parallelt prosjekt for grøn mobilitet i Gudbrandsdalen.

Frank2.jpg
 
 

11.30

LUNSJ. Buffet frå Bakeriet i Lom servert i Utgard.

 
 

12.15

LØFT#3 INNSATS – For klimaET og lokal verdiskaping i reiselivet

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

APPELL:

NOK SNAKK TID FOR HANDLING!

PENELOPE LEA // VINNAR FRIVILLIGHEITSPRISEN: 14-åringen som treff publikum emosjonelt og fagleg – og går rett på kjerna av klimakrisa, vinsten ved endring og kvifor vi ikkje kan la vere å legge om kursen. Lokale elevar frå barne-, ungdoms- og vidaregåande skule i nærområdet er invitert inn til å høyre på appellen.

12.30

KEYNOTE FOREDRAG:

PARADIGMESKIFTE – VOLUM VS. VERDISKAPING I REISELIVET

STEFAN GÖSSLING // LUNDS UNIVERSITET OG VESTLANDSFORSKING: Frå volum til verdiskaping eit paradigmeskifte i reiselivet. Klimakrisa, overturisme og behov for større lokal verdiskaping og sysselsetting tving fram endra fokus i reiselivet frå kvantitet og rapportering på antal turistar, til kvalitet og rapportering på lokal verdiskaping og klimaavtrykk per gjest. Vinn-vinn-vinn-situasjon for destinasjonar, lokalmiljø og kloda.

Penelope+Lea.jpg
Stefan+G%C3%B6ssling.jpg
 
 

13.00

PANELDIALOG:

KVA SLAG REISELIV SKAL VI LEVE AV?

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Klimadebattar går lett i lås på Lomsløftet er paneldebatten erstatta av konstruktiv paneldialog leia av internasjonalt røynd fasilitator frå Nansen Fredssenter.

Tema for dialogen blir fastsett mot slutten av den lukka klima- og verdiskapingsdialogen som dei fleste av paneldeltakarane har tatt del i dagen før. Døme på moglege tema:  

  • Norsk reiselivet sine moglege bidrag til #grøntskifte

  • For kva slag turistar skal reiselivet utvikle sine tilbod og marknadsføring?

Deltakarar i panelet: Premissleverandørar og samfunnsdebattantar frå norsk reiseliv. Dei fleste deltakarane har tatt del i den uoffisielle klima- og verdiskapingsdialogen i framkant av Lomsløftet torsdag 9.mai.

Merk: Paneldialogen har ikkje som formål å stille nokon til veggs. Formålet er å finne fram til fruktbare idear og konkrete løysingar for lågfossil verdiskaping som premissleverandørar frå politikk, reiseliv og forsking kan einast om.

Ordstyrarar: Norunn Grande // Nansen Fredssenter og Carlo Aall // Vestlandsforsking

 
 

14.00

ARBEIDSSESJONAR // FOREDRAGSSERIE I PLENUM // SPEEDSPARRING

Lomsløftet blir i denne avdelinga delt i tre parallelle konferanseløp:

  • Deltakarar som har tinga plass i dei fire parallelle arbeidssesjonane tek del i desse (20 deltakarar per økt - hugs å tinge deg plass på arbeidssesjonar ved påmelding lomsloftet@norskfjellesenter.no)

  • Har du ikkje tinga deg plass i arbeidsøkt, har du moglegheit til å høyre alle innleiarane sine innlegg i foredragsserien i konferansesalen (plenum)

  • Ynskjer du å utvikle eit meir klimavenleg og innbringande reiselivsprodukt? Pionerar frå reiseliv og forsking er tilgjengelege for speedsparring i foajeen på Utgard.

 

14.00

PARALLELLE ARBEIDSSESJONAR

Utmeisling av klima- og verdiskapingstiltak i reiselivet

Arena: Grupperom i Utgard med 20 deltakarar

Parallelle gruppeøkter der publikum sjølve vel kva tema dei engasjerar seg i. Alle sesjonar fokuserar på lågare globale klimautslepp og høgare lokal verdiskaping.

Arbeidssesjonar: Paradigmeskifte

Sesjon #1:

Vegkart for berekraftig reiseliv – korleis omsette ord i handling?

Innleiar: Helene Ødven // Den Norske Turistforening

Grupperom: Jotunheimen

Sesjon #2:

Transport til ferien – korleis gjere klimavenleg transport og kollektive tilbod til sukessfaktor? Korleis gjere transporten til del av ferieopplevinga?

Innleiar: Karmen Mentil // Alpine Pearls

Fasilitator: Justin Francis // Responsible Travel

Grupperom: Breheimen

 

Sesjon #3:

Reiseliv 2.0 – Vegen frå volum og kvantitet til kvalitet og klima

Innleiar: Stefan Gössling // Lunds Universitet

Fasilitator: Carlo Aall // Vestlandsforsking

Grupperom: Reinheimen

Sesjon #4:

Korleis finansiere grøn og gratis transport til, frå og på destinasjonen? Case: Reissmart.no

Innleiar: Frank Asle Mathisen // Prosjektleiar reissmart.no

Fasilitator: Kristin Prøven // Visit Lillehammer

Grupperom: Sognefjellet

14.00

FOREDRAGSSERIE I PLENUM

Vellykka klima- og verdiskapingstiltak i reiselivet                    

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Inspirerande og informative foredrag frå pionerar innan lågfossil verdiskaping i reiselivet nasjonalt og internasjonalt. Korte, konkrete foredrag i plenum på Utgard.

Foredragsserie: Verktøy for vekst og klimakutt

Foredrag:

Pakketering – stålkontroll på kunden, budsjettet og klimautsleppet

Foredragshaldar: Yngve Eek Ottesen // Bål- og bookingsjef Brimiland

 

Foredrag:

Merket for bærekraftige reisemål – verktøy for lavere klimautslipp og høyere lokal verdiskaping?

Foredragshaldarar:

Brit Berntsen Reinsli // Innovasjon Norge Reiseliv

Benedicte Watvedt Skaug // Prosjektleiar Merket for bærekraftig reisemål Visit Voss

Foredrag:

Sertifisering for suksess: Norsk økoturisme som kinderegg for kvalitetsheving, økt verdiskaping og klimabevissthet i din reiselivsbedrift?

Foredragshaldar: Bernt Bucher Johannessen // Dagleg leiar Hanen - næringsorganisasjon for bygdeturisme i Norge

14.00

SPEEDSPARRING

Treff innovatørar frå reiseliv og forsking

Arena: Foajeen i Utgard

Foredragshaldarar frå Lomsløftet er tilgjengelege for spørsmål og sparring for å gjere ditt reiselivsprodukt mindre fossilt.                  

 
 

15.00

PARALLELLE ARBEIDSSESJONAR

Verktøy for vekst og klimakutt

Arena: Grupperom i Utgard med 20 deltakarar

Parallelle gruppeøkter der publikum sjølve vel kva tema dei engasjerar seg i. Alle sesjonar fokuserar på lågare globale klimautslepp og høgare lokal verdiskaping.

Sesjon #1:

Pakketering – stålkontroll på kunden, klimautsleppet og verdiane

Innleiar: Yngve Eek Ottesen // Bål- og bookingsjef Brimiland

Grupperom: Breheimen

Sesjon #2:

Merket for bærekraftig reisemål – mogleg verktøy for lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping i destinasjonar?

Innleiar: Brit Berntsen Reinsli // Innovasjon Norge Reiseliv

Fasilitator: Benedicte Watvedt Skaug // Prosjektleiar Merket for bærekraftig reisemål Visit Voss

Grupperom: Reinheimen

Sesjon #3:

Sertifisering for suksess: Norsk økoturisme som kinderegg for kvalitetsheving, økt verdiskaping og klimabevissthet i din reiselivsbedrift?

Innleiar: Bernt Bucher Johannessen // Dagleg leiar Hanen - næringsorganisasjon for bygdeturisme i Norge.

Grupperom: Jotunheimen

15.00

FOREDRAGSERIE I PLENUM

Klimatiltak og verdiskaping i reiselivet                    

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

Inspirerande og informative foredrag frå pionerar innan lågfossil verdiskaping i reiselivet nasjonalt og internasjonalt. Korte, konkrete foredrag i plenum på Utgard.

Spørsmål frå salen etter kvar presentasjon.

Foredrag:

Climate Change & Tourism: Dawn of a new Paradigm

Katharine Hayhoe // Texas Tech [videoforedrag]

 

Foredrag:

Vegkart for berekraftig reiseliv – korleis omsette ord i handling?

Helene Ødven // Den Norske Turistforening

15.00

SPEEDSPARRING

Treff innovatørar frå reiseliv og forsking            

Arena: Foajeen i Utgard

Foredragshaldarar frå Lomsløftet er tilgjengelege for spørsmål og sparring for å gjere ditt reiselivsprodukt mindre fossilt.

 
 

16.15

PAUSE

Lett servering i Utgard

Dørene blir opna for å gi fri inngang til ungdom og besteforeldre, næringsdrivande og privatpersonar som ynskjer å få med seg oppsummering og generasjonssamtala som avsluttar Lomsløftet 2019:

16.30

#GENERASJONSLØFTET: NASJONALT REISELIVSLØFT I PLENUM

Arena: Konferansesalen i Utgard (plenum)

REISELIV 2.0: VEGVAL FOR EI GRØN FRAMTID

Knut Storberget // Fylkesmann i Innlandet

Innlandet har som ambisjon å bli det fyrste fossilfrie fylket i Noreg. Fylkesmannen takkar for reiselivet sin pionérinnsats gjennom Lomsløftet – og deler tankar om vegen vidare mot eit lågfossilt reiseliv.

NOK SNAKK - TID FOR HANDLING!

Penelope Lea // Vinnar Frivilligheitsprisen 2018

14-åringen som er Noreg sitt svar på Greta Thunberg treff publikum emosjonelt og fagleg – og går rett på kjerna av klimakrisa og vinsten ved endring: “Vi treng ein plan. Sverige, Finland, Danmark, alle har ein nasjonal plan for korleis dei skal nå berekraftmåla innan 2030. Men ikkje Norge”

GENERASJONSSAMTALE

Fylkesmann Knut og aktivist Penelope i samtale om alvor og ansvar, tvil og tru, håp og handling. At tida er komen for tiltak her og no.

Knut%2BStorberget%2BFoto%2BB%25C3%25A5rd%2BL%25C3%25B8ken%2B%2BAnno.jpg
Penelope%25252BLea.jpg
 

TAKK FOR FØLGET. VEL HEIM TIL INNSATS…

ELLER TIL FJELLSENTERET FOR MJUK LANDING!

17:00

LANDING ETTER LOMSLØFTET

OPE HUS PÅ NORSK FJELLSENTER. OPE BAR. FRI INNGANG. FYR I PEISEN. GODE SAMTALER.

Publikum er invitert til å la innsikt og inspirasjon fra Lomsløftet synke inn, og gjerne halde fram gode samtalar om tiltak for eit lågfossilt reiseliv på Norsk fjellsenter – der folk og fjell møtest. Gratis inngang for alle som vil ta turen. Fyr på peisen og lokalt brygg i baren. Har du ikkje sett utstillinga Bergtatt og utforska Fjellvitensenteret, så har du høve til å oppleve utstillinga som gjorde at Norsk fjellsenter vart nominert til Årets museum 2019. Velkomen til mjuk landing etter Lomsløftet!

19.00

MIDDAG

Lokalmat på menyen rundt om på hotell og serveringsstader i Lom.

21.00 - Avlyst

JOTUNYOGA PÅ FOSSBERG HOTELL

Vil du på yoga er det mogleg laurdag morgon klokka 9.00. Fredagens time er avlyst. Påmelding: Direkte til Jotunheimen yoga


 

TRANSPORT:

Dreg du heim frå Lomsløftet fredag kveld?

Vi oppmodar alle deltakarar til å ta kollektiv transport heim frå konferansa.

17:15

Bussar med avgang frå Utgard korresponderar med tog i retning Oslo og Trondheim.

Ekspressbuss frå Lom til Vestlandet. 

Vel heim til handling!

Fargeboks til webside4.jpg
 

TRANSPORT:

Lomsløftet oppmodar alle deltakarar til å ta kollektiv transport til fjells – og heim att frå konferansa.

Bussar (biogass) med avgang frå Norsk fjellsenter til vårskiturar returnar slik at dei korresponderar med tog i retning Oslo og Trondheim på ettermiddagen laurdag 11.mai.

Tog Otta – Oslo: 16:27 – 20:04                              

Tog Otta – Trondheim: 17:36 – 20:45

Ekspressbuss frå Lom til Vestlandet. 

Vel heim til handling!