LÅGFOSSIL VERDISKAPING

Vinn-vinn-situasjon for klimaet og norsk reiseliv.

Norsk reiseliv er unikt posisjonert for å ta rolla som global pionér i utviklinga av klimavennleg turisme med større verdiskaping lokalt. Lomsløftet tek Noreg og næringa sine forpliktingar og potensial på alvor og er riksarenaen for arbeid for eit reelt grønt skifte i reiselivet.

Skal vi kome dit må beslutningstakarar innan politikk, transport, forsking og reiselivet sjølv snakke saman. Om klima, kvalitet, kronar og konkrete vegval for lågfossil lokal verdiskaping frå næringa. Løftet vi står foran er krevjande og komplisert. Desto meir motiverande å vite at eit reiseliv med lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping er fullt mogleg - og at Noreg har unike føresetnader for å gå foran.

 
 
Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-0883.jpg

KORTARE REISER

I reiselivet internasjonalt utgjer transporten til reisemålet kring 75 prosent av klimaavtrykket frå turistar. I avsidesliggande og langstrakte Noreg venteleg enno meir. Halvparten av besøksveksten i Norsk reiseliv dei siste åra har kome frå interkontinentale gjestar. Samstundes har Noreg ein enorm “nærmarknad” i Europa og attraksjonar og aktiviteter innan nett dei reiselivssegmenta som veks mest.


LENGRE OPPHALD

Helgeturen er den nye ferien og heile verda vår leikeplass. I takt med at reisane har blitt fleire, har opphaldstida for kvar turist gått ned og klimautsleppa i véret. Får vi fleire gjestar til å bli lengre så vil talet på feriereisar gå ned og klimautsleppet same veg.

Web Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-2 (1).jpg
DSC01673.JPG

MEIRSAL av AKTIVITETeR, MÅLTID OG OPPLEVINGAR

Globale aktørar legg beslag på ein stadig større del av omsetnad og overskot i norsk reiseliv. Vegen å gå for å auke lokal verdiskaping er meirsal av fleire aktiviteter, måltid og opplevingar lokalt på destinasjonane.


FARVEL MARKNADSFØRING. VELKOMEN UTVIKLING.

Selfien og sosiale mediar kombinert med spektakulær norsk natur og vakre kulturlandskap gjør jobben med å marknadsføre Norge som reisemål. Så kan vi sjølve rette innsats og ressursar mot å utvikle tilboda som tilreisande i stor grad etterspør, men i for liten grad finn.

Festmiddag Valbjør 2.png
Foto--Kristoffer-Mæle-Thuestad-redigert_MD_NY.jpg

FRÅ VOLUM TIL VERDISKAPING.

Ingen turist er lik den andre – og slett ikkje når klimaavtrykk inngår i likninga. For å ta ned utsleppa og auke lokal verdiskaping må vi endre måten vi teller og rapporterar på: Vekk med volum og kvantitet. Inn med kvalitet og verdiskaping. Då sit vi att med eit reiselivsreknskap som visar kva verdiar som faktisk blir skapt lokalt i Noreg – og kva utslepp dei genererar globalt.


INSPIRASJON // BEST PRACTICE

På Lomsløftet treff du omstillingsdyktige og innovative reiselivsaktørar som evnar å halde to tankar i hovudet samstundes: Auke lokal verdiskaping og kutte globale klimautslett. Ein av dei har vi lånt illustrasjonen til høgre her frå: Alpine Pearls - Climate Friendly Mobility

02_01.jpg